Klatrekurs, brekurs og fjellføring i 2017

Klatrekurs i Jotunheimen

Hos oss lærer du klatring i fjellet og ikkje berre på klipper.

Dei første to dagane held vi til i Lom og øver inn taulagsrutiner og klatreteknikk.

Så reiser vi til fjells, til sjølvaste Hurrungane der dei flottaste toppane berre er tilgjengelig for dei som kan klatre. Du får være med på to høge toppar i løpet av klatrekurset.

På våre klatrekurs kan alle være med, ein treng ikkje ha klatra før. Og kan du litt klatring så kan vi lære deg meir. Etter kurset kan du nok til å klatre utan instruktør.

Vi brukar erfarne og godkjente instruktørar og har holdt kurs i Jotunheimen i over tjue år.

Les meir om kursprogrammet, datoar og prisar eller last ned informasjonen vi sender ut ved påmelding.

Brekurs – Jotunheimen og Jostedalsbreen

I løpet av eit brekurs lærer du alt du treng for å gå på breen utan førar. Du lærer vegval, sikring, redning, orientering og litt klatring.

Undervegs er det mange flotte opplevingar på breen, og ein av dagane tek vi ein topptur.

I tillegg til vanlege brekurs har vi minibrekurs, vidaregåande brekurs, brekurs for klatrarar og brekurs for skikøyring.

Vi har størst utval av brekurs, bruker erfarne og godkjende instruktørar, og vi har erfaring frå 1994.

Les meir om dette på www.bre.no.

Jostedalsbreen på langs på ski

Vårens vakraste skitur går på langs av Jostedalsbreen.

Mens resten av landet har vår og tidleg sommar tek vi på oss skia og reiser opp på breen i tre dagar. Utsikta og opplevinga er formidabel, og vi passerer det ville brefallet Småttene, høge tindar som Lodalskåpa og kjende utsiktspunkt som Kjenndalskruna og Supphellenipa.

Til slutt kjem vi til Flatbrehytta med utsikt over fjorden. Denne turen bør alle friluftsfolk gå minst ein gong.

Overnatting skjer i telt på breen.

Les meir om turen på www.jostedalsbreen.net og på www.bre.no.

Private kurs og føring

Kvart år arrangerer vi fleire kurs og turar for grupper. Nokre vil ha eit vanleg brekurs, klatrekurs eller tur på langs av Jostedalsbreen, mens andre vil ha spesialtilpassa kurs og turar. Ta kontakt for tilbod.