Loading...

BREOPPLEVING – kurs og føring sidan 1994

Skålbreen

Breoppleving tok til med brekurs for studentar sommaren 1994. Frå 1995 til breen vart for lite i 2004 dreiv vi breføringa på Briksdalsbreen i samarbeid med Briksdal Breføring. Sidan 1997 har vi vore godkjent i Norsk Fjellsportforum, den høgste godkjenninga i Norge for arrangørar av bre- og klatrekurs. I 2002 fekk vi også godkjenning til å utdanne bre-instruktørar. Kvart år er fleire hunde deltakarar med på våre kurs og turar. 

Bli med oss du også, det einaste du risikerer er å oppleve ekte natur og treffe nye vener.

Vi har fire nettsider med ulike formål:
www.bre.no – her finn du oversikt over alt vi driv med, med mest fokus på våre brekurs
www.breoppleving.no – vår nettbutikk
www.jostedalsbreen.net – informasjon om Jostedalsbreen på langs, med bilete, filmar og kart
www.fjellklatring.no – alt du treng å vite om våre klatrekurs

Breoppleving høyrer til på Sandane i Nordjord, like vest for Jostedalsbreen.

Velkomen på tur og kurs med oss.