LÆR KLATRING I HURRUNGANE

Når ferien heng i ein tynn tråd

Du kan få utsikt så det held på eit klatrekurs. I tillegg lærer du å kome deg opp bratte fjellveggar og du treff turfølge til turar i framtida.

Det viktigaste du lærer på eit klatrekurs er kan hende tryggleik. Det vil seie å sikre på standplass, rapellere, enkel redning og å setje sikringar. Du kan ferdast trygt i bratte fjell etter eit slikt kurs.

Klatreturar i kjende klatreområde på Vestlandet er måten du lærer klatring på under dette kurset. Etter trening i klatrefelt ventar velkjende klatreruter mot mektige tindar.

Våre instruktørar har erfaring frå klatring i høgfjellet i ei årrekke, og fleire av dei har vore på høge fjell i andre land. Dei vil lære deg klatring i høgfjellet i større grad enn i klatreveggar.

Og hugs: Klatring er ikkje risikosport, men ei bratt form for friluftsliv.

Kursprogram – dag for dag

Alle klatrekursa våre har same program frå dag til dag, men av og til endrar vi planar i forhold til ver og forhold i fjellet så ingen kurs er heilt like.

For eit meir detaljert kursprogram, utstyrslite og informasjon, gå til vår dokumentside.

Måndag

Oppmøte i Lom kl 19. Denne kvelden brukar vi til å bli kjent med kvarandre og utstyret, og instruktørane går gjennom kurs opplegget.

Tysdag

Heile dagen går med til å øve oss i klatrefeltet ved Tronoberget i Lom. Først er det fokus på bevegelsesteknikk og sikringsteknikk ved klatring på topptau. Vi øver også på kommunikasjon i fjellveggen.

Onsdag

Også denne dagen brukar vi i Tronoberget. No prøver vi å sette sikringar, bygge standplassar og øver inn rutiner på standplass og i taulag. Vi klatrar også ei rute på ei taulengde for å øve oss. Om ettermiddagen flyttar vi oss opp til Turtagrø.

Torsdag

No dreg vi til fjells for å klatre og bestige ein topp. Dei to mest aktuelle er Store Austanbotntind (2204m) eller Dyrhaugsryggen og Store Dyrhaugsryggen (2147m) frå bandet. Sidan ver og føre
avgjer ruteval så kan det på enkelte kurs bli aktuelt med ein annan topp.

Fredag

Denne dagen brukar vi på klipper like ved Turtagrø. Vi skal øve på enkle teknikkar
for kameratredning. Deltakarane får også prøve å sette sikringar på led, under rettleiing frå
instruktør.

Laurdag

No skal vi klatre i høgfjellet igjen. Aktuelle turar er Store Austanbotntind (2204
m), Store Dyrhaugsryggen (2147 m) frå bandet, Store Skagastølstind (2405m) eller ein annan
topp i området. Vi er klar over at mange ønsker å gå på Storen, men turmål må avgjerast ut frå
veret og deltakarane sine forutsetningar.

Følgande vert gjennomført (praksis): 

• Topptauklatring i klatrefelt
• Klatreteknikk
• Sikringsmiddel
• Plassering av naturlege sikringar
• Klatring i høgfjellet på naturlege sikringar
• Klatring av ruter på minst 3 taulengder
• Rapell
• Etablering av standplass

Følgande vert gjennomgått om kvelden (teori): 

• Redningsteknikkar på fjell
• Alpine farer
• Knutar og taubruk
• Sikringsteknikk på bre og fjell
• Utstyr

1

Gå til nettbutikken

Den finn du på www.breoppleving.no. Her finn du eit stort utval av klatrekurs, brekurs og ulike turar.

2

Bestill plass på eit klatrekurs

Så får du tilsendt faktura med 14 dagar betalingsfrist. Legg også merke til at du kan melde deg av heilt fram til to veker før kurset og få pengane tilbake.

3

Kjøp klatresko

Vi har sele, hjelm og tau om du treng det, utan tillegg i prisen.

4

Møt opp i Lom

Ja, du må jo betale først, og så må du helst vente til kurset startar. Medan du venter kan det være lurt å lese kursprogrammet i detalj på vår dokumentside. Når ditt kurs startar så står vi klar i Lom og tar deg med til fjells ei veke. Enkelt, ikkje sant?