Loading...

LOM
Lom er ei lita bygd som er kjend for god mat. Vi bur midt i sentrum og klatrar i eit felt på andre sida av elva som heiter Tronoberget. Dette er eit av dei aller tørraste områda i landet så vi har nesten alltid tørt fjell å klatre på. Lom har to matbutikkar, to sportsbutikkar, apotek og eit svært godt bakeri.

HURRUNGANE
Hurrungane har toppar som Store Skagastølstind (Storen – 2405 moh), Store Austabotntind (2203 moh) og Store Ringstind (2124 moh). Det gjer området til det kanskje mest kjende og ettertrakta området i landet for klatring i høgfjellet. På andre del av fjellklatrekurset held vi til like ved Turtagrø og går to lengre klatreturar. Her oppe treff ein mange andre som klatrar, særleg viss ein tek ein tur innom hotellet på kveldstid.